Lindåsmeisterskap på Hopsdal søndag 21 februar
Lindåsmeisterskapen på ski vert i år arrangert på Hopsdal
Lindåsmeisterskapen på ski vert i år arrangert på Hopsdal.
Med usikker is i Dyrkolbotn og gode løyper på Hopsdal,vart det avgjort
å flytta konkuransen.
Det er fantastisk flotte forhold på Hopsdal no,seier Steinar Mørch,
på telefon til avisa Strilen,frå løypene fredag.
Han er leiar i Nordhordland skiklubb sin arrangementskomitè som lagar til konkurransen.
Alle kan vera med,men for å verta kåra til Lindåsmeister må ein anten bu i Lindås,
eller vera med i ein klubb som held til i LIndås.
Konkurransen går i klassisk stil,i nyleg oppkjørte løyper.
Dei under 10 år går utan tid,og så er det årsklassar frå 10 til 15 år,junior,senior og oppover
til veteranklassane.
Arrangørane har pølser og saft,så her er det berre å setja av føremiddagen.
Me vonar at dei som eventuelt skal kjøra borna opp,vert verande under konkurransen.
Med få møteplassar kan det fort verta kaos på vegen til Hopsdal dersom mange skal ned att
med ein gong,seier Mørch.
Parkering har dei ordna ved å brøyta plass på noko innmark ved skianlegget.
Sjå kalender for påmelding og starttider.