I det strålande veret på Søndag var det TorTourtid att. Denne gongen vart det ein walkabout til Hopsdal.
Etter kraftige purringar, og ved hjelp av ein varastøttemedlem klarte til slutt ein nestleiar, ein medlem og det før omtala varastøttemedlemmet å stabla seg på beina til TorTour denne søndagen.
Rykter vil ha det til at enkelte måtte melda forfall på grunn av at dei hadde velta seg i luksus og varmt vatn i helga. Det er så ein nesten må minna om Romerikets fall.
Godt etter skjema vart det bestemt at touren skulle gå til vårt lokale svar på Vancouver, nemlig skisenteret Hopsdal.
Sjølv om skiltet på Mundal med skisenter på har stått der i ein mannsalder, så er det slett ikkje kvart år at det har stemt så godt som i år.
Når ein går til Hopsdal etter vegen på ein slik fin dag, så er det slett ikkje mangel på underhaldning. Biltrafikken er så stor på den smale vegen at det er stadig vekk at det er rygging og buksering for å passera kvarandre. Antalet mørkeblå stasjonsvogner er formidabelt.
Ved Stykkje var det nokre karar som dreiv og laga seg arbeid. Dei spadde på eit skihopp i vegkanten. Her var det tydelige ambisjonar om å enten hoppa over vegen eller i elva. Hoppet var nesten ferdig og me ønskte dei lukke til!
På Hopsdal Ranch, der skisenteret ligg, var det tett i folk og bilar. ”Mentometeret” på veggen viste fiolett Swix. Me snakka med ein som sleit litt med is i skrøbben, ellers var det rolig stemning.
På grunn av utmattelse inntok me epler og bananer intravenøst i ei snøfonn, før touren gjekk nedatt.
På Stykkje var hoppet no klart. Første test var skiflyging. Eit lite fly vart sendt utfor, men havarerte i overrennet. Det kan ha noko med at det var eit sjøfly og ikkje eit snøfly.
Neste innslag var prøvehopparen. Det var Anders Fotland som av ein eller annan uforståelig grunn tok på seg dette oppdraget.
Etter første prøvehopp vart det bestemt at farten måtte opp. Og overrenn er det rikeleg av på Stykkje. Han auka med 1/3 til og sette utfor, mens publikum var spente. Denne gongen gjekk det bedre. Han landa fjellstøtt for så å få ein liten ubalanse nede på sletta.
Då gjekk TorTourlaget vidare. Bildene fortel resten.
Det var kald trekk nedover dalen, og gleda var stor når me kom nedatt i den tempererte sona på Mundal.
På Leiknesbrua vart det ein kort studiepause. Isen ser dramatisk ut når det fjørar ut. Til dei som har parkert syklane sine i sjøen der, så kan me opplysa at dei ser ut til å liggja trygt, i alle fall til isen smeltar.
Til slutt stupte me over kanten på Sudmannsbrekko og kom oss heimatt.
Og TorTouren vart avslutta med at alle tre var samde.