Nytt ifrå Bygdelaget.

Leiar i Bygdelaget 5915, Cato Lyngøy har oppsummert det første halvåret i 2010.
 
Storstova i rute!
Ei vellukka Jonsokfeiring på skulen med strålande fint vær, god mat og godt lag, markerte at no er sommarferien her. Ungane har fri frå skulen og heldt ut til langt på kveld (natt). Det gjeld også nokre av dei mest uvetige vaksne som gjerne skal tidleg opp på arbeid neste dag. Dermed vert det nok ikkje mange timane på puta. Men pytt! Søvnen tek me att når kveldane er mørke eller, om ikkje før, når me vert pensjonistar!
Storstove-gjengen har lagt bak seg eit aktivt halvår med basar, husbesøk og no til slutt Jonsok-feiringa på skulen. Takk til alle som har stått på!  Takk også til dykk bygdefolk som har tatt godt imot oss i døra og elles deltatt på små og store arrangement!
På storstovekontoen står det no Kr 322 000 og me kan dermed konstatera at me er i rute. Takk for alle tilsagnsbrev og innbetalingar som har kome inn! Å sjå at mange er med, gjev inspirasjon og krefter for oss som drar lasset. Storstove-lyftet klarer me, - om alle er med, etter evne og over tid. Har du tenkt på å senda inn tilsagnsbrevet, men ikkje har kome deg til å få det gjort, får du ei oppmoding her.
Elles er det viktig ikkje å berre måla alt i kroner på kontoen. Eit anna, men like viktig mål, er at me har det kjekt undervegs, at bygdefolket kjem saman, trivest i lag og ikkje minst at nye innflyttarar vert tatt godt imot i bygda vår. Dette er også bygdeutvikling. No som dagane er lange og me heldt oss mykje utandørs, må også vegen vera kort til å helsa på nye og gamle fjes langs veg og sti. Om ikkje lenge kjem det mange nye innbyggjarar til bygda i Midtgårdfeltet. La oss ta vel imot dei som ynskjer seg til bygda vår!
Storstove-gjengen tek no sommarferie og møtest til nye tak til hausten. Me ynskjer alle på 5915 ein riktig god sommar!
 
                                    Cato Lyngøy
                                     Bygdelagsleiar