Laget for lokale heltar i lokalt miljø!
Tortourlaget vart stifta ein eller annan gong i 2009. Litt usikkert når.
Formålet med TorTourlaget er å driva Extremsport rundt om i lokalmiljøet.
Extremsporten til TorTourlaget må ikkje forvekslast med det som Vossingar og andre driv med.
Me brukar ikkje verken fly eller påhengsmotor. Derimot har apostlanes hestar hatt ein stri tørn.
I hovedsak har aktiviteten gått i hard tourgåing med utgangspunkt i lokalmiljøet. Ofte med oppmøte ved den usynlige muren.
Jakta på det gamle forsamlingslokalet Masfjord har vore ei av dei store utfordringane.
Tortourlaget har hatt regelmessig avgang på Onsdag og Søndag. Med varierande oppmøte. Antalet har variert heilt ifrå absolutt ingen, og heilt opp i 6-7 stykker.
Tourane har avdekka mange gamle stiar og skogsvegar. Og i enkelte tilfeller har det endt opp i hendesløyso, uten verken sti eller veg.
Tourane har stort sett gått i Myramarkje, Myraåsen, Sjausetmarkje, Halsendalen, Sætre, Rinnane og Mundal.
Det har også vore observert TorTourlagsmedlemmar både på Krossane, Gladihaug, Husdalen, Totlandsåsen og Knarvik!
Tortourlaget består av Leiar, Nestleiar, Konstituert Leiar, Medlemmar og varamedlemmar.
Det er ikkje valg av styre. Alle er sjølvutnevnte, og laget er oppattkalla etter leiaren.
Laget består av representantar for det sterke kjønn, men har også hatt med deltakarar av det extra sterke kjønn.