Barnekor

Barnekoret Kyrios

Barnekoret er sett saman av ein super gjeng barn med stort aldersspenn. Dei yngste er fem og dei eldste er no elleve.
Kyrios øver annankvar torsdag i Midtgård bedehus frå kl 17.30 til 19.00.

Me er rundt 50 medlemmer i år.

På øvingane har me leik og ulike aktivitetar for ulike aldersgrupper, øvingsøkt, andakt og mat til slutt.

Alle barn frå 5 år og oppover er hjarteleg velkommen!!!

Dei eldste barna har også si eiga gruppe:
Kyrios XL syng eigne songar og har litt fleire oppdrag enn det store koret.
”XL” har for tida ti medlemmer, og øver etter barnekoret, kl 19.00 til 19.45.
Nedre aldersgrense for "XL" er 5.klasse.

Kyrios XL vil takka alle i bygda som har kjøpt julekakeboksar hjå dei, til Jula 2009

Dirigent:
Solveig Angelskår, 5915 HJELMÅS, Mobil: 977 09 051 (permisjon hausten 2009)

Kontaktperson:
Ingunn Hellem, 5915 HJELMÅS, Mobil: 454 51 298
Liv Iren Romarheim, 5915 HJELMÅS, Mobil: 469 58 195