Hjelmås mannskor tel i dag ca 25 aktive medlemar i aldersgruppa 20 til 85 år.
Koret øver tysdagar, kl 19.00 på Leiknes skule.
Dirigent for koret er Åse Hagesæter, leiar er Bjørn Jostein Fyllingsnes.
Hjelmås mannskor hadde si første øving i februar 2003. Koret vart starta som eit prosjektkor, i samband med Ungdomslaget Heimhug sitt 100-årsjubileum, der dei skulle spela inn og gje ut ein jubileums-cd. Etter innspelinga ville koret halda fram med å gleda seg sjølv og andre med song. Hjelmås mannskor framstår i dag som eit veletablert mannskor, og faktisk det einaste mannskoret i Nordhordland. Repertoaret femner alt frå salmar og religiøse songar til viser og klassiske perler. Koret har jamlege framføringar heile året, med m.a. dei tradisjonelle advents- og vårkonsertane i samarbeid med Leiknes blåseorkester. 17 mai er mannskoret nesten sjølvskrive.
Koret har også hatt fleire prosjekt. Vinteren/våren 2008 hadde koret eit vellukka samarbeid med Radøy damekor, der det vart halde felles vårkonsert, både på Leiknes og på Manger. Det siste, og hittil største prosjektet var vinteren 2009, der koret i mars framførde kyrkjespelet ”Lysmannen” med Geirr Lystrup, også dette i samarbeid med Radøy damekor.
Dette vart eit særs vellukka prosjekt. Det kjem heilt sikkert nye prosjekt i framtida.
Om du ynskjer å vera med i mannskoret er du hjarteleg velkomen til øving.
Det er ingen krav til notekunnskap, det er heller ingen opptaksprøve eller prøvesynging for å vera med.
Møt opp på øving tysdagar eller ta kontakt!
