Storstoveprosjektet
|
| Storstoveprosjektet
|
Dette er Storstove-prosjektet
- Storstova er på ca 700 m3 til idrett, - kultur og kyrkjelege formål.
- Storstova vert realisert som del av skuleutbyggjinga på Leiknes og er eit fellesprosjekt med kommunen. Kommunen er byggjeleiar og vil eiga bygget. Når bygget er reist, skal Storstova drivast av kommunen.
- Bygdebidraget som vart vedtatt i Folkemøtet den 13. september 2009, er på 1,5 mill til sjølve Storstova og 0,5 mill til utearealet.
- Bygdebidraget skal samlast inn over ein treårs periode 2010, 2011 og ut 2012 og er fordelt mellom dugnad/ sponsorar/fondsgåver og innsamla midlar.
- Ei utvida aksjonsgruppe på tilsaman 20 personar har engasjert seg i innsamlinga av bygdebidraget. Bygdelaget 5915 står som organisator av gruppa og innsamlinga.
- Bygda treng eit nytt og tenleg fleirbrukshus. Bygdelaget 5915 som vart stifta i november 2008, har ny Storstove som ein sentral del av Handlingsplanen.
- Ei Innspelsgruppe beståande av representantar frå Bygdelaget, FAU, lag og organisasjonar har arbeidd for saka i 2009.
- Det har vore avhalde to Folkemøte, eit i mars og eit i september som begge har stadfesta Innspelsgruppa sitt arbeid.
- Kommunen har, basert på bygda sitt engasjement, vedtatt å byggja ein fleirbyggshall i staden for ein noko mindre gymsal.
|
Nyhende omkring Storstova
Basaren ein suksess!Storstovebasaren på Leiknes Skule vart ein dundrande suksess! Med fullt hus og stormande jubel vart storstovekassen i dag over 80,000 kroner større!
Les meir »
21.03.10 kl. 19:58
|
|
Trekningsliste for Loddbøkene på StorstovebasarenHer kan du lesa gjennom trekningslisten på loddbøkene til Storstovebasaren.
Rett trekning vart sørga for, og bevitna av Svein Arne Hatlevik (politiet), og ein fullsett sal.
Les meir »
21.03.10 kl. 22:17
|
|
Leiknes Skule får stryk.Leiknes Skule er ein av mange skular som manglar godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern. Dette skriv Nordhordland.no i ein artikkel i dag.
Les meir »
17.03.10 kl. 14:53
|
|
Ei Storstove i julegåve!!Som kjent vedtok kommunestyret samrøystes å gå inn for Storstova vår.
Les meir »
15.12.09 kl. 10:39
|
|
GRATULERER 5915 !!!!!!!!Det vert STORSTOVE på Leiknes !!!!!!!!!!!!!!
Les meir »
10.12.09 kl. 18:01
|
|
|
|
|