Folkemøte 22.03.2009

Folkemøte på Leiknes skule 22.03.2009

I nittenhundreogseksti - ein gymsal so fjong
Men bygda ho veks og salen er trong
Om saman me står
Me storstove får
Men då trengs det handling – no med èin gong!

Skuleutbyggjinga har starta. Ei arbeidsgruppe med representantar frå 5915 er etablert og i god dialog med kommunen.
Dersom bygda vil, kan me no få ei ny storstove som rommar idretts- og kulturaktivitetar. Kommunen støttar oss i at dette
er noko me treng.
Innspelsgruppa vil presentera arbeidet som er gjort så langt. 5915 vert no invitert til positiv debatt om dette viktige
bygdeutviklingsprosjektet som vil tryggja positive fritidsaktivitetar for innbyggjarar i alle aldrar. Prosjektet kan bli ein del av
kommunen si utbyggjing av skulen.
Toget går no og det er berre eitt tog.