22. september: Folkemøtet positivt til Storstove prosjektet!
Folkemøtet den 13. september 2009 vedtok at Bygdelaget 5915 skal jobba vidare for storstova på Leiknes Skule.
Etter ein time med informasjon ifrå innspelsgruppa, Kristin Moe (einingsleiar skulen), Ordførar og varaordførar vart møtet utfordra på spørsmålet om støtte til prosjektet.
Dette var valet:
JA betyr ”Eg vil ha Storstove!” - OG forpliktar meg til å støtta det!
NEI betyr ”Nei-takk til storstove, me klarar oss med gymsal!”
Svaret vart eit einstemmig JA ifrå salen.
(Eit nei ville bety at prosjektet vert lagt dødt, og at me får den gymnastikksalen som kommunen vil byggja.)
Neste spørsmål var:
JA til at utearealet inngår i Storstove-prosjektet med eit samla bygdebidrag stort kr 0,5 mill.
Også her var svaret ifrå salen eit ubetinga JA.
Med den gode støtta i ryggen frå Folkemøtet, tar no Innspelsgruppa fatt på prosessen med å finansiera Storstova.
Som ledd i dette vil alle husstandar på 5915 om kort tid få tilsendt ei informasjonspakke der de finn relevant informasjon om Storstove-prosjektet og korleis de kan støtta det.
For at bygdebidraget skal kunna håndterast effektivt og korrekt, treng Innspelsgruppa litt tid på å få etablera eit godt mottaksapparat.
Til dette treng me frivillige.
Er du interessert, ta kontakt med Cato Lyngøy, mobil 930 11 330