20. juli - Referat fra møte om Storstova i kommunen si Styringsgruppe
Den 30. juni var 5915 invitert til møte med Styringsgruppa for større utbyggingar. For Innspelsgruppa møtte Kristin Tuven, Lars Hagesæter og Cato Lyngøy. Tema var prinsippgodkjenning av romprogram for Leiknes skule inkludert Storstova.
Til møtet la arkitekten fram ei planløysing som inneheldt romprogrammet (sjå førre innlegg om Storstova). Om ein nyttar vanlege erfaringstal på Kr 25 000 per kvadratmeter, vil utbygginga ha trong for ei tilleggsfinansiering på omlag 12 millionar. Til frådrag går tilskot av tippemidlar (max 4 mill), fylkeskommunale tilskot (0,5-1 mill) og bygda sin del (1,5 mill). Dette betyr at det vil vera trong for ei tilleggsløyving på cirka 6-7 millionar frå kommunen. At opphaveleg ramme på 62,5 millionar ikkje har halde, skuldast endringar i byggeplanen undervegs, endra foresetnader samt kostnader til reguleringsplan og ny veg. Innan den første ramma, hadde ein heller ikkje kunna realisert ein tradisjonell gymsal som berre tar omsyn til skulen sitt behov. Tilleggsløyving er derfor naudsynt uansett. Men om ein går for fleirbrukshall (Storstove), kan ein utløyse ei rekkje offentlege tilskot.
Frå politisk hald er det kome positive ytringar om vilje til tilleggsløyving dersom bygda vil stilla med sin del. Innspels-gruppa vart spurt om det romprogrammet som no låg føre ville vera tilstrekkjeleg til at bygda ville stille seg bak med sin del. Representantane frå Innspelsgruppa trur det, men understreka at det er Folkemøtet som må ta stilling til dette.
Innspelsgruppa trur at me får oss Storstove om bygda vil forplikta seg på sin del av totalfinansieringa. Det vert derfor kalla inn til nytt Folkemøte etter skulestart. Folkemøte vil då ta stilling til om bygda ynskjer å ta del i finansieringa av Storstova med ein samla del på 1,5 millionar. Denne kan bestå av eigeninnsats, sponsormidlar og kontantbidrag.
Dokumentasjon for slik finansiering vil me måtta koma opp med innan midten av oktober då politisk leiing avheld sitt økonomimøte.
For Innspelsgruppa,
Cato Lyngøy
referent
15. juni - Referat fra arbeidsgruppa for Storstova
Den 10. juni var det igjen møte i arbeidsgruppa for Storstova. Kristin Tuven og Cato Lyngøy representerte Innspelsgruppa. Til dette møtet hadde arkitekten fått utarbeida følgjande:
· Det vart framlagt skisse til storstove etter tidligare spesifikasjon og då bygd saman med skulen. Det vart lagt fram teikningar.
· Hovudplan løysingar for Storstovebygget vart drøfta. Det ein no tek stilling til er kva veg hallen skal liggja, kva side scena skal vera på (kort eller langsida) og om areal i kjellaren kan nyttast til undervisningsareal.
· Det er ikkje sett av areal til eigen kinosal. Denne er tenkt kombinert med skulen sin trong for auditorium ala det som er på Knarvik ungdomskule med ca 60-70 sitjeplassar. Her må me finna løysingar saman med skulen.
· Kjøkkenfunksjonen vert samla i nærleiken til allrommet til skulen, men vil ha tilkomst til stova i same plan gjennom korridor.
· Mindre møterom til skulemøter, lag og pensjonisttreff ligg like ved kjøkkenfunksjon. I tillegg har me kjøkkenet i Småstova.
· Buldreveggen vart føreslått lagt til ein yttervegg inn mot skuleplassen. Den kan då bli ca 3 m høg og ca 10 m lang (klatring sidelengs) og fungera som aktivitetsapparat også i friminutta.
Totalarealet vil gi trong for tilleggsløyving stor ca 13 millionar utover ramma på 62,5 Mill. Om legg til grunn full pott av tippemidlar og eit bygdebidrag på cirka 1,5 millionar, vil styringsgruppa i kommunen då ta stilling til å fremja sak om tilleggsløyving for resterande 7,5 millionar for kommunestyret.
Vidare:
· Denne veka skal skuleeininga drøfta romprogrammet
· Romprogrammet må opp til prinsipiell høyring i styringsgruppa den 30. juni kl 0830-1030. Her vert det gitt grønt eller raudt lys for noverande skisse.
· Innspelsgruppa må gjennomføra høyring med aktuelle brukargrupper straks me har konkrete teikningar på plass
· Det vert lagt opp til nytt folkemøte like etter skulestart.
For Innspelsgruppa
Cato Lyngøy
8. og 9. Juni . Utvasking av Småstova = Midlar til Storstova
Me har også fått tilbod om å stå for planting rundt huset. Det vert i
slutten av måneden. Mere info om dette seinare.
19.05 - Info frå møte med skulen og kommunen den 6. mai 2009
Innspelsgruppa hadde møte med Eigedomsavdelinga og Skuleeininga i kommunen den 6. mai. Det var Skuleininga som tok initiatv til møtet. I møtet deltok også varaordførar Bjarte Vatnøy (FrP) og Formannskapsmedlem Anna Valla (Sp). Formålet med møtet var å avklara det øknomiske grunnlaget for ei ny Storstove i samband med skuleutbyggjinga. Her er hovudpunkta frå møtet:
· Bygdelaget presenterte initiativet frå 5915, Innspelsgruppa og folkemøtet. Me informerte samstundes om at me no hadde omdøypt den sokalla Paviljongen til "Småstova",- både fordi namnet er meir heimsleg, men også for å gi kommunen ein indikasjon på kva me ser for oss når me snakkar om Storstove.
· 5915 sitt initiativ i saka vart mottatt veldig positivt frå kommunen si side.
· Prosjektleiar for kommunale nybygg Terje Fauske orienterte om byggjekostnader så langt, kostnader som kjem og kva ein etter dette kan rekna med står til disposisjon for eit fleirbruksbygg. Kalkylen så langt viser at det er cirka 8 milionar av totalt løyvde 62 millionar som kan leggjast i Storstova.
· Sambruk er viktig. Skule kjem først for 5915, men me ser for oss at skule, idrett, kultur og sosial aktivitet må kunna kombinerast i den nye Storstova. Dess meir skulefunksjonar me kan få inn i nybygget, dess meir vert det å spara på fase 2 i skuleutbyggjinga.
· Til sist vart det sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobba fram eit romprogram i lag. Denne gruppa består av:
1. Terje Fauske (prosjektleiar)
2. Kristin Moe (einingsleiar)
3. Øystein Vik (rektor)
4. Kristin Tuven, Innspelsgruppa
5. Cato Lyngøy, Innspelsgruppa
Denne arbeidsgruppa har allereie avhalde det fyrste møtet, men skal ha fleire. På møtet deltok også Aud Gilberg (arkitekt frå Norconsult). Innspelsgruppa har fått i oppgåve å skaffa bakgrunnsinfo for ein såkalla "digital kino". Dette er romprogrammet slik det ser ut per no:
Romprogram og arealoversyn:
Ynskje om:
· Stor gymsal 16x24, som utløyser inntil 4 mill. i tippemidlar
· 2 sett garderobar m/toalett, lærar/dommargarderobe
· Scene m/omkledingsrom (i tilknyting til garderobe?)
· Wc besøkjande, samt hwc
· Buldrevegg
· Kinosal, 60-100 sitjeplassar
· Møterom
· Kjøken
· Rom til pensjonistane i bygda?
· Reinhaldssentral
· Tekniske rom
· Lager
Det vert lagt ut meir informasjon etter kvart som prosessen skrid fram.
12.05 - "Eg tenkjer stor – eg tenkjer stove"!
Ja slik uttrykte vår lokale intervjuv-objekt seg so sinnrikt i kortfilmen som vart vist på Folkemøtet den 22. mars. Fleire gode idear kom fram på møtet også. Mellom anna vart det lufta idear frå elevrådet på skulen som klatrevegg, buldrevegg (låg klatrevegg), paintball-bane, bordtennisrom, vektrom osb. Andre ser fram til å ta opp att volleyballen, innebandy eller idrettsskule. Me går jo halve året utan å kjenna skikkeleg sveittelukt!
Det vart og slått frampå om at ein digitalisert kino-auditorium ville vore fint. Då kan me få tilsendt filmane samstundes som dei store kinoane i by’n. Det ville vore makalaust! Eit tilbod ikkje berre til vår bygd, men også nabobygdene. Eit slikt rom kunne også nyttast til andre lyd-opplevingar som konsertar av ulike slag. Intimkonsert med Halfdan Sivertsen?
Og så er det jo sjølve storstova då. Den som er gymsalen til dagleg, men som med ei uttrekkstribune kan bli samlingstaden når heile bygda skal møtast. I tilslutning til Storstova kan me få ei scene der Hjelmåsrevyen kan ha sine elleville framsyningar.
Storkjøkken – er det noko som er ynskjeleg å prioritera? Saman med nokre grupperom, kan hallen då bli ein stad for kor-festival med Hjelmås Mannskor og/eller Kyrios i spissen.
Fleire av oss har byrgja drøyma om kva denne Storstova kan innehalda. Har du draumar, gode idear, eller berre innspel, send oss ein e-mail "her".
04.05 Møte med kommunen 6. mai!
Innspelsgruppa fekk ei solid vitamin-innsprøyting på folkemøtet den 22. mars. Kommunen og skulen tykkjer også det er positivt at 5915 grip denne sjansen.
Akkurat no ser me fram til møte med kommunen 6. mai der ei nærare kalkyle på heile skuleutbyggjinga skal leggjast fram. I møtet vil det også verta lagt fram eit fyrsteutkast for Storstova vår. Tiltak som ligg inne i skuleutbyggjinga, kan ha blitt dyrare enn venta. Og det kan ha kome nye utlegg som ikkje var planlagt, som skal inn i ramma på 62 millionar. Utan å ha rimlege tal på desse postane, vil budsjettering av Storstova bli "litt i det blå".
Innspelsgruppa vil argumentera for at ekstraordinære kostnader som ikkje var innrekna i den opphavelege skuleutbyggjinga, må finansierast utanom og med tilleggsløyvingar om nødvendig.
Bygdelaget har fått tilbod om Kr 12 000 for utvasking av nybygget på skulen,
- det som me no kallar Småstova. Dette er gode pengar å leggja på kistebotn for ei framtidig Storstove.
Tidspunktet er 8 og 9. juni på kvelden frå kl. 18.00
Me treng cirka 15 frivillige.
Om du ikkje har høve begge kveldane, hjelper det godt med èin kveld.
Vaskehjelpa på skulen vil vera tilstades, men me får ta med litt utstyr heimanfrå til vaskin og støvsuging.
Avtal med venner og kjente og still opp du òg.
Har du-deko høve til å vera med, kontakt koordinator
Helge Sandvik på 97 01 96 34.