Handelslagets vener




   ARRANGEMENT :

19.juni 2010
Sumarkveldt på Kaien
Les meir :

Handelslagets vener

Handelslagets vener vart oppretta då Hjelmås handelslag var 100 år og me tenkte dei trong litt hjelp på sine gamle dagar. I periodar har me vore aktive med flygeblad, vaflar på kaien, blomar til nyinnflytta og andre aktivitetar. Me arrangerer kvar sumar den årvisse sumarkveld på Hjelmås kai. Me har til formål å gjere kaiområdet fint og levande og bidra til at folk vert merksam på den flotte butikken me har og brukar han. Me står bak den himmelske urtehage, dei blåmåla benkane og sneipekrukkene.. Me plantar blomar i krukker alt for å gjere kaiområdet og handleturen kjekk for folk. Me ynskje oss nytt tilfang av andre som kan overta ein del av dugnaden, det er veldig kjekt

Me er laust organisert og har ikkje faste møter. Me kallar inn til dugnader og arbeider uformelt og ad-hoc.
Inger Helen Midtgård og Vivian Husa styrer med urtehagen.
Elin Styve har vore aktiv på flygeblad fronten.
Kari K. Sandvik styrer pengane.

Handelslagets vener tel i dag 300 medlemar og er for dei som bur i bygda og nabobygder og hyttefolk. Alle vil me ha med. Mottoet er ”Hundre nye år med Handelslaget” og medlemskap kan opprettast ved fødsel. Det kostar kr 15,- å vere medlem. Då får du livslangt medlemskap.

Me er veldig knytt til Handelslaget vårt !

Kontaktpersonar:

Inger Helen Midtgård, 5915 HJELMÅS, Telefon: 5635 3022, Mobil: 452 32 052
Elin Styve, Apalen, 5915 HJELMÅS, Telefon: 5635 5001, Mobil: 977 65 066