U.L. Heimhug
U.L Heimhug har ei rekkje tilbod og er ei berande kraft i lokalmiljøet på 5915 Hjelmås.
Me samlar "ungdomar" i alle aldrar og sikrar eit godt og positivt oppvekst og bygdemiljø.
Av aktivitetar lyt nemnast:
- diskotek for born og ungdom
- haustfest med revy
- Hjelmåsdag med bryggjedans, sumarkveld og Humørfestival
- jonsokmoro for heile familien
- filmkveld
- bingo
I tillegg er ungdomshuset i eitt bankande nytta til festleg samver som konfirmasjon, barnedåp og høgttiding av åremålsdagar. Nokon av dei dagane dei går gjetord om enno...
Laget har eige lokale - Ungdomshuset Ljosheim. Det er ikkje faste møtetidspunkt. Ulike arrangement vert annonsert ved oppslag, annonser og i bygdekalendaren.
Laget har eige styre. For tida består det av Hilde Alvær, Mary Heggernes, Gry Anita Kjeldstadli og Christine Westervik. Det er eit ynskje å utvida styret og intereserte kan ta kontakt.
Laget er tilknytta Norges Ungdomslag og Hordaland Ungdomslag.
Kontaktpersonar:
Hilde Alvær, Apalen, 5915 HJELMÅS, Mobil: 414 05 376, send e-post
HJELMÅSREVYEN
Hjelmåsrevyen starta i 1991 og har årlege revyar kvar haust.
Me er ein del av undomslaget Heimhug og har hevd på ungdomshuset Ljosheim.
Me spelar og rundt omkring og opptrer på bestilling i tide og utide. Me er ein glad og humørfylt gjeng som og treffest uformelt for å lage tekstar og ha det moro for vår eigen del. Me har deltatt på Norsk revyfestival på Høylandet fleire gonger. Vår viktigaste oppgåve er å spreia humør og glede.
Me set ikkje ljoset vårt under er skjeppe og meiner sjølv me er veldig gode på revy!
Me er til for dei som bur på 5915, men har og drive u-hjelp og tatt inn trengjande frå Knarvik og Alversund området, sidan dei ikkje har revylag (stakkar...). Me har mest aktivitet frå august til november og treffest då på sundag og onsdagskvelder i ungdomshuset. Og dei siste hektiske vekene stort sett kvar dag.
Dei som skal vere med må vere konfirmert. Dvs. ei nedre aldersgrense på 15 år. Me er 10-15 medlemmer - det varierer frå år til år.
Revyen har tredelt leiing - sjå under kontaktpersonar. Anne Rose M. Westervik representerer revyen i hovudstyret. Solgunn Hagesæter er kasserar.
Revyen er tilknytta Norges Ungdomslag og Vestlandske Teatersenter.
Kontaktpersonar:
Inger Helen Midtgård, 5915 HJELMÅS, Telefon: 5635 3022, Mobil: 452 32 052
Anne Rose M. Westervik, 5915 HJELMÅS, Telefon: 5635 3397, Mobil: 943 52 976
Kristin Rongevær, 5915 HJELMÅS, Telefon: 5635 2055, Mobil: 970 83 036