MIDTGÅRD BEDEHUS
Indremisjonen driv eit omfattande arbeid i bedehuset.
Sjå eigne sider om barnekoret Kyrios, Kyrios XL, Klubben og LUK.
Annakvar søndag er det STORSAMLING. Her samlast born, unge, vaksne og eldre.
Me startar med kaffimat kl.11.30 og møtet startar kl.12.00 Etter ein felles del
med mykje song og musikk, har dei yngste søndagsskule og dei vaksne har si samling.
Ein del onsdagar er det Onsdagssamling, ei uformell samling med bibel og bønn.
Bedehus-foreninga har samling rundt i heimane annakvar torsdag.
I tillegg kjem enkeltmøte, møteveke, bibelhelg, julefest m.m.
Indremisjonen sine arrangement vert alltid kunngjort i lokalavisene.
Frå no av skal me òg prøva å informera på 5915.no
Det eigentlege namnet til Indremisjonslaget i bygda vår er Dalebygda Indremisjon, Leiknes.
Laget er eigar av Midtgård bedehus, som vart bygd i 1936. Huset vart utvida ca. 1982.
Laget sitt styre for 2010:
Margunn Romarheim tlf 97 51 72 12
Reidun Sande
Oddvar Angelskår
Helge Hellem
Ragnhild Minde Romarheim
Steinar Angelskår (vara)
Ingvard Aasgard (vara )